Look Around You (2002–2005)

Serie / 8. april 2011
4/5

BBC-serien Look Around You er eit så tona ned humoristisk påfunn at du i blant stussar på om det er parodi eller det ekte. Iallfall i første sesong. Det handlar like mykje om å gjenskape ei stemning og eit uttrykk, og overlate humoren til å bli skapt av tida som har gått og utviklinga som har skjedd sidan den gong inspirasjonskjeldene til serien gjekk på tv.

Første sesong som er typisk ettermiddags-tv for ungdom, består av åtte korte episodar på under ti minuttar kvar. Kvar episode tar opp eit seriøst tema.

Eg har verkeleg sans for attskapinga som er gjort og måten humoren er gjort på. Det er eigentleg avgrensa kor morosamt dette er, men gjennomføringa og den dønn seriøse tonen, berre avbrote av få innspel med verkelege forsøk på å mane fram latter, er kjekk i små dosar. Nettopp der ligg minuset med serien, i store mengder er Look Around You både for repeterande og lurt til å vere underhaldande. Difor blei serien liggande ei stund hjå meg.

Andre sesong har endra form til å verte eit naturvitskapleg aktualitetsprogram. Søkelyset ligg på fantastiske oppfinningar og framtida. Her har Look Around You gjort humoren endå tydelegare og tar ting enda lengre. Lengda på episodane har òg auka til 30 minuttar. Episodane er framleis tematiske, og strekkjer seg frå Music in the year 2000 til Computers, i tillegg har serien fått programleiarar.

Grunna dei store forskjellane på tvers av sesongane er det ikkje poeng i å vurdere serien i heilskap, men heller som to seriar. Det var konseptet bak første sesong som gjorde meg interessert, men andre sesong er meir absurd og ligg nærare ei form for humor eg set pris på, ved å ta ting over i det meiningslause.

Eg kan ikkje gå så langt som å anbefale og sjå heile serien, men meiner det er verdt å sjå minst ein episode frå kvar sesong.

Look Around You 2002-2005 plakat - Filmdagbok

Merkelapp

BBC

Skaparar

Peter Serafinowicz, Robert Popper

Skodespelarar

Peter Serafinowicz, Nigel Lambert, Robert Popper, James Serafinowicz, Edgar Wright, Olivia Colman, Josie D'Arby, Sarah Alexander, Peter Simmo, Nick Frost

Sjanger

Komedie

Land

Storbritannia

IMDb

IMDb-side om Look Around You

Forfattar