Looking

Serie / 2014–2015
3/5

Looking handlar om tre nære venner som bur og jobbar i San Francisco. Dei er homofile, og serien handlar mykje om dette. Stort sett er det snakk om ei vanleg blanding av drama og komedie. Dette er ein HBO-serie som har episodar på ein halvtime, og det er dermed plass til litt ekstra drama samanlikna med dei kortare og enklare tv-komediane.

Seriar har ulike roller, og rolla til Looking er ikkje å springe rundt og skrike om homofili. Det er eit sentralt poeng, men meir eit grunnlag enn målet til serien. Det som er målet med episodane er å spele på karakterar med ulike forhold til seg sjølv og til potensielle kjærastar. Som ein vanleg og typisk serie med andre ord.

Eg synst i hovudsak av Looking blei litt kjedeleg. Det var ikkje nok drama som stakk djupt nok. Noko er det, og dette er for så vidt nok til å gjere serien gjennomførbar, og god innimellom. Men totalt sett er dette litt anonymt. Samanlikna med Sex and the City, som andre har gjort og som ikkje er så dumt fordi dei begge er HBO-seriar, så har Sex and the City ein distinkt stil, mens Looking slit med å skilje seg ut.

Eg er stort sett ukritisk til å gå i gang med HBO-seriar, då dei fleste på ein eller annan måte er god. På ei total rangering av alt eg har sett frå denne kanten kjem Looking på nedre halvdel.

Looking 2014-2015 plakat - Filmdagbok

Publisert

5. juni 2015 av

Merkelapp

HBO

Skapar

Michael Lannan

Skodespelarar

Jonathan Groff, Frankie J. Alvarez, Murray Bartlett, Lauren Weedman, Russell Tovey, Raúl Castillo, Andrew Law, O.T. Fagbenle, Daniel Franzese, Scott Bakula

Sjangrar

Komedie, Drama, Romantikk

Land

USA

IMDb

IMDb-side om Looking