Looking for Comedy in the Muslim World

Film · 2005 · · 18. mai 2006
3/5

Ein litt spesiell komedie. Men eg likte han. Albert Brooks har skrive og regissert filmen, og spelar seg sjølv som får eit oppdrag av staten å reise til India og Pakistan for å forske på komedie.

Målet er å skrive ein rapport på 500 sider om kva som får muslimar til å le, som eit forsøk på å forstå den muslimske kulturen. Men etter kvart vekker nysgjerrigheita til Albert Brooks mistanke både frå den indiske og pakistanske regjeringa, og opphaldet hans blir komplisert enn det burde.

Eg har aldri sett eller lagt merke til Albert Brooks i nokon filmar før, og har difor inga tidlegare oppleving med humoren hans. Looking for Comedy in the Muslim World spelar ein del på den dårlege tilvenninga til eit nytt publikum som Albert Brooks har, og korleis han oppfattar humor som noko han må lære andre å forstå for at dei skal ha glede av det. Det gjer figuren hans litt tragisk, men heldigvis ikkje håplaus og patetisk, slike filmar finst det nok av. Han er for det meste ein smart person, men kanskje litt overlegen på enkelte område. Og den rolla gjer han bra.

Men Looking for Comedy in the Muslim World er ikkje hysterisk, og vil nok ikkje passe alle. At eg likte han kan ha med andre ting å gjere, som min fascinasjon for indisk kultur og musikk, og mi glede for filmar som prøver å vere litt smartare og med eit litt lågare tempo, der det går an å få med seg heile historia utan å føle at eg har blitt kasta av i alle svingane.

IMDb-logo
Looking for Comedy in the Muslim World 2005 plakat - Filmdagbok