Looking for Kitty

Film · 2004 · · 18. februar 2014
3/5

Looking for Kitty er ein av budsjettfilmane til Edward Burns, sett at han med ein kostnad på 250 000 amerikanske dollar kostar langt under det vanlege av ein studiofilm. Og lite til å vere ein vanleg independent film, som også gjerne kostar fleire millionar.

Filmen handlar om ein mann frå ein liten by, Abe (David Krumholtz), som kjem til New York for å leite etter kona si. Ho har forsvunne seks månader i forvegen, og Abe ser ut til å endeleg ville engasjere ein privatetterforskar. Han møter Jack (Edward Burns), ein privatetterforskar i 30-åra som lev frå dag til dag, og som i nær fortid har mista kona si.

I lag legg dei ut på ei kald, men elles lite anstrengande etterforsking i New York. Både Abe og Jack har sine spesielle sider, og undervegs blir dei konfrontert med desse. Filmen siktar også på å ta opp samtalar om det som har skjedd og skjer, heller enn å vise for mykje handling.

To spesielle sider ved institusjonen ekteskap er den tematisk raude tråden. Forsvinninga til ei kone og døde til ei kone.

Looking for Kitty har ei fin og litt rørande historie, men utover konfrontasjonane med eigne demonar er det mykje av lite. Filmen oppnår derimot på ein god måte å formidle New York gjennom augene til ein som ikkje er kjent med byen, i kontrast med dei andre filmane til Edward Burns. Og å vise kontrastar med dei kalde sidene av byen og menneska kontra den gradvis meir menneskelege Jack.

Filmen hentar seg opp på dei små tinga, og blir alt i alt ei fin oppleving. Sjølv om det nok er blant dei svakare filmane til Edward Burns.

IMDb-logo
Looking for Kitty 2004 plakat - Filmdagbok