Looper

Looper er ein science fiction og krim, som blandar tidsreise og gangsterfilm.

Joe spelar ein leigemordar, som har i oppdrag å ta knekken på folk som blir sendt tilbake i tid til han, frå framtida.

Trøbbel oppstår når ein gammal versjon av han blir sendt tilbake for å bli drepe, eller avslutte tidssløyfa som dei seier. Kan han då gjere jobben sin, eller startar ein kamp for å vere i live?

Det finst mange gode filmar om tid. Sjølv om Looper ikkje når toppen, er det ein god film med både stil, gode skodespelarar og ei god historie. Skal eg pirke så er det nok for lite nytt og at filmen er noko lang som trekk ned. Det sagt, så hadde eg ikkje hatt nokon problem med å sjå han igjen. Og er du interessert i tidsreiser på film, så sjå gjerne Looper.

Looper 2012 plakat - Filmdagbok