Loose Screws (1985)

Film / 29. januar 2014
1/5

Loose Screws er omtrent så lavmæls som det kan bli. Det er straffa for å oppsøke og ukritisk sjå en spirituell oppfølgjar til en allereie dårleg tenårings- og sexkomedie.

Filmen prøver å kopiere Screwballs på det meste, men bommar totalt. Hovudpersonane er dårlege etterlikningar. Produksjonskvaliteten verkar å ligge mange nivå under også, sjølv om det ikkje var noko å skryte av i Screwballs.

Fire gutar må gå på sommarskule, og dei bestemmer seg for å gjere det meste ut av dette. Sommarskulen er eit internat, og på internatet er det damer. I Screwballs var det en pakt på gang, i Loose Screws er det et veddemål. Det gjeld å få napp med den unge lærarinna Mona Lott.

Eit par minuttar ut i filmen angra eg på at eg starta å sjå han. Trass i det så eg han ferdig, og eg har ingen god forklaring på dette.

Loose Screws 1985 plakat - Filmdagbok

Regi

Rafal Zielinski

Manus

Michael Cory, Linda Shayne, Jim Wynorski

Skodespelarar

Bryan Genesse, Lance Van Der Kolk, Alan Deveau, Jason Warren, Annie McAuley, Karen Wood, Liz Green, Mike MacDonald, Cynthia Belliveau, Deborah Lobban

Sjanger

Komedie

Land

Canada

IMDb

IMDb-side om Loose Screws

Forfattar