Los últimos días

Ein sjukdom spreiar seg i heile verda. Symptoma er ei fysisk redsel for å gå utandørs. Dei få som trassar redselen dør, rett og slett.

Los últimos días er ein apokalyptisk film som tar for seg livet til dei som må holde seg innandørs, i ein periode ei stund etter sjukdommen er spreidd. Mangel på mat og ønske om å lete etter kjente tvingar Marc og ein annan til å ta seg gjennom undergrunnen mot sine mål.

Det er ein visuelt slåande film med eit interessant utgangspunkt. Gjennomføringa er også heilt grei. Men det er ikkje som om Los últimos días byr på noko nytt. Det er stort sett dei same dystre formuleringane om mørke sider ved menneske. Eg vil difor ikkje sei at eg set spesielt stor pris på stemma til filmen, men det har eg lært meg å leve med. Her er det eventyret eg vel å fokusere på. Den relativt lineære strukturen og klare målet til filmen, med sjølvsagte hinder undervegs, er godt gjennomført og spennande.

Los últimos días 2013 plakat - Filmdagbok