Lost and Delirious

Film · 2001 · · 9. august 2004
4/5

Lost and Delirious er ein film om kostskule, lesber og i grunn ikkje så mykje meir.

I rollene har me ei ung Mischa Barton, som seinare spelte ein sentral rolle i The O.C. Og me har Piper Perabo og Jessica Paré.

Mischa Barton spelar den nye jenta på skulen, som hamnar på rom med Piper Perabo og Jessica Paré. Etter kvart oppdagar ho at desse to jentene har eit forhold, som då etter kvart utviklar seg til å bli ustabilt. Og Mischa Barton hamnar midt oppi dramaet.

Lost and Delirious gjer eit sterkt inntrykk og behandlar tema som homofili og psykose på ein enkel og grei måte.

Lost and Delirious 2001 plakat - Filmdagbok