Louis C.K.: Chewed Up

Film · 2008 · · 1. april 2013
3/5

Louis C.K.: Chewed Up er eit standupshow som kom ut i 2008 på Showtime. Sjølv om det er ei god stund ut i karrieren hans, er dette berre hans andre utgjeving som kan bli kalla ei heilaftan utgjeving.

Eg meiner han ikkje har funne forma skikkeleg før seinare, men Louis C.K.: Chewed Up er framleis god underhaldning og blant det sjåverdige som finst innanfor standupkomedie.

Louis C.K. streifar tema som alderdom, skilsmisse og andre negative, men normale deler av livet til eit menneske, og knyt det stort sett til eigne erfaringar der han bruker seg sjølv som komisk subjekt.

Louis C.K.: Chewed Up 2008 plakat - Filmdagbok