Louis C.K.: Hilarious

Film · 2010 · · 2. september 2014
3/5

Standupkomedie er det vanskeleg å skrive om. Spesielt når det er showet til ein person som Louis C.K., som eg har skrive om før. Humoren hans er jo trass i alt stort sett den same frå år til år, som er det vanlege intervallet mellom utgjevingane hans.

Louis C.K.: Hilarious er ikkje det beste eg har sett han gjere. Det er artig, men det er ikkje nok til å vere artig heile vegen. Eg har sett fire av hans framføringar til no, og halvparten har eg rangert 3/5, mens den andre halvparten er 4/5.

Det er med andre ord trygt å sjå det meste med Louis C.K., men du har nokon val å ta om du vil sjå berre det beste, og her når ikkje Louis C.K.: Hilarious opp som sagt.

Louis C.K.: Hilarious 2010 plakat - Filmdagbok

Skodespel

Sjanger

Land