Louis C.K.: Live at the Beacon Theater

Film · 2011 · · 17. mars 2013
4/5

I Louis C.K.: Live at the Beacon Theater har standupkomikaren Louis C.K. verkeleg funne forma. Dette er ein time fullpakka med artige vitsar, og han held trykket oppe heile vegen.

I dette som er den tredje utgjevinga på video av showet hans, rangerer eg det for første gang som 4/5. Enten er det at han har finpussa og blitt betre, eller så er det at humoren hans har endra seg litt og falle meir i smak. Eg veit ikkje, men er iallfall blitt glad i det dette har blitt.

Louis C.K. er i lag med Jerry Seinfeld ein av mine favorittar, og ei klar anbefaling å sjekke ut. Men du bør kunne tåle litt sterke ord og grove vitsar. Eg har ikkje sansen for det mest vulgære av standup, men synst Louis C.K. går ei fin linje.

Louis C.K.: Live at the Beacon Theater 2011 plakat - Filmdagbok