Louis C.K.: Live at the Comedy Store

Film · 2015 · · 1. februar 2015
4/5

Standupkomikar Louis C.K. leverer ein time med gullkanta humor i sitt Comedy Store-show. Først lansert gjennom hans eiga nettside og nettbutikk, er dette i stor grad så mykje Louis C.K. sitt eige opplegg som det kan bli.

Det viktige her er i grunn ikkje at han går sin eigen veg, men han held det gåande år etter år med nytt innhald. Samtidig som han også byr på seg sjølv via serien Louie.

Eg har sansen for hans sjølvironiske stil. Og at han streifar innom vaksne tema. Før han brått snur på staden og lirer av seg det grovaste av det grove. Kunsten i begge deler ligg i presentasjonen hans av det daglegdagse. Moderne klassisk observasjonshumor, der små saker og situasjonar blir til skarpe poeng.

Louis C.K.: Live at the Comedy Store 2015 plakat - Filmdagbok