Louis C.K. Oh My God

Film · 2013 · · 18. oktober 2013
4/5

Eg har blitt fan av Louis C.K. siste året, og har minst like mykje sans for serien Louie som for standupkomedien hans.

HBO sendte i april 2013 Louis C.K.: Oh My God, som er eit show på ein time med nye vitsar siden sist.

Det startar litt enkelt, med vitsar som eg ikkje synst var dei beste. Men så tar det seg opp etter kvart. Louis C.K. serverer vitsar i kjent stil, ofte basert på det same grunnlaget som einsleg, barnefar og mann i 40-åra, som han har gjort før. Men det fungerer. Det kjennest nytt, og Louis C.K. viser igjen med Louis C.K.: Oh My God at han er ein meister, som har meir enn ein enkel gimmick å spele på.

Louis C.K. Oh My God 2013 plakat - Filmdagbok