Love Actually

2003 / Film
26. desember 2018
4/5

Kvar gong svarar denne filmen til forventningane mine. Eg set alltid pris på eit gjensyn med Love Actually og filmen set meg i god stemning. Om det er fordi eg let britar sleppe unna med meir sentimentalitet, fordi blandinga av komedie og drama her er råfin, eller fordi han er full av skodespelarar eg har eit godt forhold til, det kan vere.

Tittelen og plakaten skildrar innhaldet på treffande vis. Det er ein kjærleiksfilm og det er ein film utan ei stor hovudrolle. Ein fin romantisk komedie innpakka i julepapir. I frå den britiske statsministeren spela av Hugh Grant til en sørgjande Liam Neeson, filmen er stykka opp i mange små historiar som alle heng saman på enkelt vis ved å ta plass i same fiksjonelle universe i London. Sjølv om historiane er fleire blir eg sitjande igjen med ei fullkomen oppleving. Ein fare med å ta for seg så mykje er at filmen ikkje vil få tid nok til alt, men karakterane i Love Actually er lette å bli kjente med og alt går glatt.

Handlingsreferat her passar seg ikkje no. Ei forenkla oppsummering ville vist eit kjedeleg og stykkevis bilde av filmen, og ville ha tatt for stor plass i tekstform. Kortfatta kan filmen skildrast som eit førjulskøyr i fleire menneske sitt kjensleliv, der det går veldig mykje opp og ned. Tonen til filmen er likevel for det meste med på å gi deg små stikk av glede framfor noko anna.

Love Actually har høg gjensjåingsverdi. Det er når jula nærmar seg at eg stadig får lyst til å sjå filmen igjen, sjølv om eg har sett han mange gonger før. Ting som julehiten til den gamle rockaren Billy Mack (Bill Nighy) er ein av fleire småting i filmen som slår an gong på gong. Ikkje nok med at eg smiler når eg ser han, men eg blir i godt humør.

Love Actually 2003 plakat - Filmdagbok

Annonse

Relaterte innlegg

Merkelapp

Julefilmar

Regi

Richard Curtis

Manus

Richard Curtis

Skodespelarar

Bill Nighy, Gregor Fisher, Rory MacGregor, Colin Firth, Sienna Guillory, Liam Neeson, Emma Thompson (I), Lulu Popplewell, Kris Marshall, Heike Makatsch

Sjangrar

Drama, Komedie, Romantikk

Land

Storbritannia, USA, Frankrike

IMDb

IMDb-side om Love Actually

Forfattar