Love Always, Santa

Film · 2016 · · 10. desember 2016
2/5

Dramaet Love Always, Santa er ein Hallmark-produksjon som kom ut i 2016. Filmen er regissert av Brian Herzlinger.

Det er den Hallmark-sentrerte førjulstida som har styrt meg inn på denne filmen. Den utslagsgivande avgjerda fall på grunnlag av at Marguerite Moreau spelar hovudrolla. Og på eit håp om at denne filmen kunne stikke litt djupare enn dei meir typiske romantiske julekomediane eg har sett hittil i år.

Love Alway, Santa handlar om ei enke og hennar dotter. Dottera skriver eit brev til julenissen, kor ønsket hennar er at mora finn seg ny kjærleik. Ein forfattar som jobbar for mottaket som tar i mot breva, blir inspirert av det han les og avgjer seg for å svare. Dette blir starten på ei tilknyting som blir danna mellom han og mora.

Dette er nok ikkje den mest påkosta filmen. Det blir merka her og der at enkelte løysingar er enkle. Men det er ikkje noko som pregar filmen for mykje. Sånn sett er ikkje han for ambisiøs i sitt uttrykk.

Det er lite å seie om regissøren og hans eventuelle preg på filmen. Eg vil stort sett si at dette er ein preglaus film.

Heller ikkje skodespelarane gjer nok ut av seg her. Eg er nok litt skuffa over det som blir gjort. Men det kan like godt vere regissøren eller manuset som manglar noko. Det er vanskeleg å dømme Love Always, Santa her. Saken er at det er nokon kjensler med i bildet, men på langt nær nok.

Dette er ein ukomplisert film på alle måtar. Strukturen er trygg, handlinga er føreseieleg. Visuelt sett er han litt tam. Lyden legg eg ikkje merke til, som kan bli oppfatta som positivt. Den generelle tonen til filmen er ikkje så hyggeleg eller trist som han burde vere i rette stunder. Lev Love Always, Santa opp til forventningane? Vel, dei var aldri høge, men voner hadde eg. Så svaret er vel eit tja.

Alt i alt er ikkje dette nokon film som det er verdt å bruke særleg mykje tid på. Difor kan eg ikkje anbefale filmen. Til det er han litt for dårleg.

IMDb-logo
Love Always, Santa 2016 plakat - Filmdagbok