Love and Death

Film · 1975 · · 28. februar 2008
4/5

Ein av dei mest fornøyelege filmane til Woody Allen.

Diane Keaton hypnotiserer med venleiken sin og ikkje minst skodespelet. Humoren ser ut til å treffe midtgolvet med mange kjappe replikkar i varierande komediestil.

Filosofisk fundering over eksistensielle spørsmål går i forrykande tempo som det er vanskeleg å halde tritt med, men bidrar ikkje mindre til å gi filmen meining omkring ein stor tittel som Love and Death.

Dessutan byr filmen på stadig framdrift, sirleg fornærming av Russland, slag i sida til jødedommen og Gud, Woody Allen på slagmarka og andre godbitar. Eg kan ikkje sei meg anna enn fornøgd med denne filmen.

IMDb-logo
Love and Death 1975 plakat - Filmdagbok