Love & Friendship

Love & Friendship er ein vittig, kjapp og kortfatta film frå Whit Stillman, basert på ei novelle av Jane Austen.

Stjerner som Kate Beckinsale og Chloë Sevigny prydar rollelista, og har begge tidlegare laga film med Whit Stillman. Presentasjonen til av Kate Beckinsale som ei noko usmakeleg frue er herleg, og stort sett alle andre skodespelarar sin innsats følger tett i hælen.

Mykje dialog pregar filmen, og det krev konsentrasjon. Utbyttet er mykje god humor og vits. Ei noko anna Jane Austen-oppleving enn dei meir romantisk prega verka. Min umiddelbare dom var at dette var ein passe god film, men etter ettertanke nokon dagar seinare har eg avgjort å rangere han som veldig god.

Love & Friendship ser vel så bra ut som mykje kostymedrama, men er strengt tatt sitt eige vesen som ein komedie. Ein som vel å vere morosam i vektlegging av ord og små detaljar.

Love & Friendship 2016 plakat - Filmdagbok