Love and Other Disasters

Film · 2006 · · 28. mai 2016
2/5

I Love and Other Disasters prøver filmskaparen å spele på originale variantar av vanlege grep i romantiske komediar. Dette blir gjort ved å referere filmar som Breakfast at Tiffany's, Notting Hill og kanskje fleire filmar.

Det er ein god tanke. Feilen som blir gjort er at det blir forklart. Det seier at enten trur filmskaparen at det er så smart at det må bli forklart, eller at han trur me er for dumme til å ha glede av å oppdaga det sjølv.

Dette er eigentleg ikkje det største problemet til filmen, men det mest interessante. Det største er at filmen manglar ei god hovudrolle. I løpet av dei 90 minuttane filmen varer blir eg aldri godt nok kjent med karakteren spelt av Brittany Murphy. Og vennene hennar er like todimensjonale og uinteressante.

Det er ingenting feil med strukturen eller andre grep gjort av filmen. Dei er ikkje noko å skryte av, men dei er innanfor når det gjeld å vere ein ukomplisert romantisk komedie.

Love and Other Disasters 2006 plakat - Filmdagbok