Love, Guaranteed

Love, Guaranteed er ein romantisk komedie frå Netflix. Den handlar om ein mann som har vore på nesten tusen stemnemøter, som han har avtalt gjennom ein datingapp. Då han ikkje har hatt lukka med seg, ønskjer han å saksøke selskapet som står bak appen. I brukarvillkåra står det at dei garanterer at han skal finne kjærleiken før han har møtt tusen ulike personar.

Mannen, spelt av Damon Wayans Jr., hyrer ein advokat, spelt av Rachael Leigh Cook, og det er uungåeleg at søt musikk oppstår. Og det er alt eg treng å skrive om handlinga i Love, Guaranteed.

Eg likte denne. Produksjonskvaliteten var passe høg. Det er stor variasjon i både innendørs- og utendørslokasjoner. Kjent musikk er lisensiert. Gode skodespelarar er med. Og lyd- og bildekvalitet er fin.

Filmen er av den enkle sorten, men har ein del vittig dialog og humoristiske stunder som gjer dette til god underhalding. No er ikkje Love, Guaranteed av den minneverdige typen film, det kan eg ikkje påstå. Men han er minst så god, eller betre enn forventa. Dette er ein sjanger kor filmar som kjem rett på strøyming kan vere alt frå blotta for produksjonskunnskap til å treffe midt i blinken. Så det er fint å sjå at filmen treff blink, berre ikkje midt i.

Love, Guaranteed 2020 plakat - Filmdagbok