Love Hina Again

Serie · 2002 · · 12. desember 2003
3/5

Love Hina Again er ein av tre tillegg til serien Rabu Hina. Denne saka kom rett på video og består av tre episodar. Dette er siste del av serien, som betyr at dei to andre tillegga kom først.

Det er ikkje så mykje nytt å melde om. Me får den same gamle gjengen frå serien, og dei gamle trådane blir tatt opp igjen. Hovudpersonen Keitaro prøver framleis å få jenta Naru til å bli interessert i seg.

Men fordi serien har ein dose komedie som framleis fungerer, og denne videoproduksjonen er hakket meir sexy enn det serien laga for tv lét seg vere, så er det litt nytt på sett og vis.

Kort oppsummert kan eg sei at det er komedie her, mens alt det romantiske eigentleg har visna bort. Iallfall er det ikkje interessant lenger.

Love Hina Again 2002 plakat - Filmdagbok