Love Is Strange

John Lithgow og Alfred Molina er stjernene som spelar ektemenn i den flotte filmen Love Is Strange.

På grunn av omstende eg ikkje skal forklare her endar dei mellombels opp med å bu frå kvarandre. Ein stor prøvelse og ei belastning etter nesten 40 år i lag. Filmen observerer dette halvveges på avstand, og følger også folka rundt dei.

Det er i grunn heile greia med Love Is Strange, at han ikkje går så djupt. Det vil i grunn sei at han tar for seg problem og legg opp til ettertanke, men det har ikkje den største effekten. Noko eg merker i forsøket til filmen på ei fin avslutting.

På daglegdags vis er dette eit kurant avbrekk av ein film frå norma, utan å bli for spesiell. Men for å skilje seg ut som ekstra god på nokon punkt må det meir kraft til. Sterkare grep på eit vis.

Love Is Strange 2014 plakat - Filmdagbok