Love Wedding Repeat

Denne romantiske komedien frå Netflix balanserer fint innanfor å vere god nok, men nærmar seg ofte kanten til å vere dårleg. Det er tydeleg ein billegare produksjon. Lys- og kameraarbeid er dårleg, men bra tildekka i etterproduksjonen.

Skodespelarane leverer heldigvis godt nok i det som er ein saktegåande film med pinsame stunder. Det er ingen vendingar før filmen brått tar ei stor vending ut av det blå, og deretter byrjar å få hastverk.

I all hovudsak handlar det om eit bryllup med mange parallelle småhistoriar som viklar seg inn i kvarandre. Broren til brura får i oppgåve å dope ned ein ubuden gjest med sovemedising. På grunn av rot i bordplasseringa endar ein annan opp med å drikke champagnen med sovemedisinen i.

Det fine med filmen er i dei enkle komiske studene. Enkelte av skodespelarane har komisk talent og timing, som kjem fram trass i det som ikkje er den beste klippinga. Det meste i filmen er elles opplagt. Men om resultatet som er midt på treet skuldast at budsjettet, produsentane eller potensielle innkjøparar av filmen er ikkje lett å sjå. For alt eg veit kan det ha vore nokon med ein visjon som har blitt riven sund som står bak filmen. Eller det kan ha vore nokon som vil hente lette pengar på ein romantisk komedie, og har fått til noko få bra greier på vegen.

Eg håpa på einbetre film enn eg fekk. Men ut frå førsteinntrykket dei første minuttane, så blei dette også ein del betre enn frykta. Love Wedding Repeat er ein film du godt kan styre unna er vel uansett dommen.

Love Wedding Repeat 2020 plakat - Filmdagbok