Loverboy

Film · 1989 · · 13. mai 2009
3/5

Loverboy kan til tider vere absurd enkel, men han går så langt for kjærleiken at eg ikkje kan unngå å like han. Patrick Dempsey endar opp som prostituert på sommaren for å betale si eiga collegeutdanning, slik at han kan møte kjærasten sin igjen til hausten.

Humoren ligg i Patrick Dempsey sitt fråvær av moral og hans mengder av motivasjon. Samtidig er dette ein film som viser kva 1980-talet kunne by på av mote og musikk, her er det snakk om overdriving.

Romantikken blir fint skyvd litt lengre bak, og rolla til Patrick Dempsey gjort meir sentral. Men det er når ting slår tilbake for han det blir skikkeleg artig.

IMDb-logo
Loverboy 1989 plakat - Filmdagbok