Lovesick

Serie · 2014–2018 · · 9. januar 2018
4/5

Denne britiske Channel 4-serien har etter kvart blitt ein Netflix-serie, Og det var på Netflix eg kom over serien. I hovudrolla har me Johnny Flynn, som forresten er ein dyktige musikar. Innleiingsvis verkar han som ein snodig fyr, men som med den snodige tittelen – som i første sesong var Scrotal Recall – er det noko eg fort kjem over.

Premissen for denne komiserien er ein fyr som får vite at han har ein kjønnssjukdom. Han må difor ta kontakt med alle han har hatt sex med dei siste åra. Dette fører til mange interessante og gjerne ubehagelege møter. Stort sett kvar episode handlar om eit nytt tidlegare forhold, og på tvers av sesongane hittil er det også ein samanhengande historieark om forholdet mellom nokon venner.

Med ein førebels liten portefølje på seks episodar gjorde ikkje serien mykje meir enn å mane til latter i første sesong. Mens dramatikken tok meir tak utover i den andre. Dette er førebels ein kort serie, og ein god ein. Så eg kan lett anbefale Lovesick.

Lovesick 2014-2018 plakat - Filmdagbok

Skodespel

Johnny Flynn (III)Antonia ThomasDaniel IngsVis alle

Sjanger