Loving Leah

Loving Leah med Lauren Ambrose og Adam Kaufman handlar om ei djupt religiøs jødisk kvinne og ein jødisk mann som ikkje praktiserer religionen. Deira forhold oppstår då dei vel å følge ein gammal jødisk tradisjon om at ein mann skal gifte seg med enka til broren.

Dette er eit møte mellom religion, tradisjon og korleis desse blir utøvd av to vidt ulike personar med same religion. På botnen av det heile er dette strukturert som ein romantisk film der koplinga skjer gradvis.

Eg har ikkje sans for religiøse filmar, og visste lite før eg sette i gang med denne. Måten filmen behandlar tull som seriøst på appellerer ikkje til meg, og totalt sett synst eg dermed filmen ikkje var verdt tida.

Loving Leah 2009 plakat - Filmdagbok