Loving You

Loving You var den andre filmen til Elvis Presley. Den første hovudrolle hans og den første fargefilmen hans. I han spelar han mot Wendell Corey og Lizabeth Scott, i historia om ein ung talentrik musikar som blir oppdaga og byrjar ein raskt veksande karriere. Filmen er sånn sett inne på same spor som den neste filmen til Elvis Presley, som er Jailhouse Rock.

Deke Rivers (Elvis Presley) blir utfordra til å synge på ein lokal marknad og blir oppdaga av PR-agenten Glenda (Lizabeth Scott). Ho har trua på han og fører han inn på karrierestigen. Undervegs dukkar eit og anna problem opp. Tendensen Deke har til å tru det beste om folk, hans kontroversielle stil og hans tidlegare vane for å forsvinne når ting blir tøft pregar retninga filmen tar.

Kjerna til filmen er så klart musikken til Elvis Presley. Som i dei andre filmane hans er det han som er utgangspunktet, og resten er berre eit verkemiddel for å fremje han. Det går i grunn greit. Filmen er enkel, men med karismaen til Elvis Presley og god musikk så lev filmen opp til dei enkle forventningane.

Loving You er tittelsporet og sit som støypt, andre godbitar inkluderer (Let Me Be Your) Teddy Bear og Got a Lot o' Livin' to Do.

Loving You 1957 plakat - Filmdagbok

Dato

10. mars 2014

Forfattar



Sjangrar

Land