Lovleg

Serie · 2018–2019 · · 12. april 2019
3/5

I NRK-serien Lovleg følger me Gunnhild som har flytta til Sandane for å gå på vidaregåande skule. Ei forhistorie som det etter kvart moglegvis blir fortalt brotstykkje av, er årsaka til at ho har flytta på hybel.

Gunnhild er ei rar jente som kan finne på snodige ting. Gjerne flaue greier som endar opp i merkverdige situasjonar. Det er direkte og ufiltrert, og nettopp det at serieskaparane ikkje skyr midlar gjer at Lovleg får eit minneverdig særpreg.

Lovleg har blitt samanlikna med Skam, då serien har blitt gitt ut på same måte som ein nettbasert serie. Og fordi serien handlar om elevar på vidaregåande skule og deira liv. Det er ikkje heilt feil å kalle det ein bygdeversjon av Skam, men både karakterane, liva til dei og plasseringa er forskjell nok til at seriane blir ulike.

Eg likar Lovleg, og tykkjer det er artig å ein serie som er spelt inn på Sandane. Og der enkelte karakterar er frå heimstaden min.

Innlegget er skrive etter å ha sett dei to første sesongane av serien.

  • Lovleg 2018-2019 plakat - Filmdagbok
  • Lovleg 2018-2019 plakat - Filmdagbok