Luca

Film · 2021 · · 17. juli 2021
3/5

I animasjonsfilmen Luca blir me kjent med sjømannen Luca, som får menneskeform i det han går opp av vatnet. Dette er ei evne som ingen har fotalt han om før.

Ung og eventyrlysten som han er, er opninga av ei heil ny oversjøisk verd for han noko han blir trekt mot. Og nye venner følgjer med.

Luca har fin animasjon, nokre fine stunder, eit romantisk blikk på den italienske lokasjonen og artige karakterar. Han treff godt og engasjerer stort sett heile vegen, men manglar det vesle ekstra for å utmerke seg. Forventingane til noko meir ut av historia spelar inn, Pixar har lagt lista høgt med tidlegare filmar. Luca som karakter er nesten litt kjedeleg, og det kunne ha vore litt kortare mellom latterkulene.

Men trass i kritikken, så er dette fornøyeleg sjåing. Og ein film som har den fordelen av å stå på eigne bein. Her er dagsaktuelle populærkulturelle referansar fråverande, og historia er passe tidlaus. Det er godt.

Les også meldingar på filmfront.no (norsk) og insidefilmroom.com (engelsk).
Dette blogginnlegget har blitt nemnt på www.facebook.com. Gå dit for å like eller kommentere det.
IMDb-logo
Filmfront-logo
Luca 2021 plakat - Filmdagbok