Lucy

Film · 2014 · · 20. januar 2015
4/5

Lucy er ein kjapp actionfilm i kjent Luc Besson-stil. I det legg eg at det er ei ukomplisert handling, men som har dei rette elementa for å fatte interesse for det fortalte konseptet og for å henge med på den raske framdrifta.

Scarlett Johansson spelar ei kvinne som blir lurt til å smugle noko medisinske eller narkotiske stoff. Omstenda skal ha det til at ho endar opp med å få dette stoffet i kroppen, som gjer at ho utviklar seg til ein lynande intelligent og vanvittig rå krigar.

Ettersom mange vil ha tak i ho, og ho vil ha svar på ting, så er det mykje action og fram og tilbake. Og det er tøft. Utviklinga til filmen er også ganske dryg på ein god måte. Og sånn sett overraska Lucy meg ved å bli langt meir science fiction enn eg trudde at filmen skulle vere etter innleiinga.

IMDb-logo
Filmfront-logo
Lucy 2014 plakat - Filmdagbok