Lying and Stealing

Lying and Stealing er ein film av den typen som gjerne går under radaren. Ikkje fordi han er dårleg på nokon måte, for det er han ikkje. Men fordi han er ein trygg sjangerfilm og ein ikkje så altfor stor produksjon.

Filmen har fått ei noko svak mottakinga som kjem fram gjennom ei midt på treet gjennomsnittsrangering på IMDb. Eg mistenker dette i å vere at filmen ikkje innfrir når det kjem til å overraske. For det verkar ei stund som at dette skal bli ein lur film med store vendingar. Og det skjer aldri. Eg for min del blei letta over at Matt Aselton ikkje skal leike smart regissør og lure oss. I staden for har han lagt linja på ei lineær forteljing som er som me ser ho.

Samtidig er det forseggjort. Det er gode prestasjonar av gode skodespelarar, og av mindre gode skodespelarar også. Det er ei historie som fortener å vere i filmformat, og ein produksjon som fortener å vere kinofilm. Har du sansen for ein tilgjengeleg krimfilm, så er ikkje denne feil for deg.

Lying and Stealing 2019 plakat - Filmdagbok