M - Eine Stadt sucht einen Mörder

M - Eine Stadt sucht einen Mörder er ein film av den evig aktuelle sorten, sett i perspektivet i moderne tid. Det handlar om pedofili og ringverknadane av ei sak der ein farleg mann skapar oppstyr ved å bortføra små jenter.

Filmen kom ut i 1931 og er den første talefilmen til Fritz Lang. Lydsporet er i blant fråverande, som får M - Eine Stadt sucht einen Mörder til å verka som ein stumfilm. Så vert stilla brått brote av ei stemme eller eit bilhorn. Den kunstige støyen gjer ikkje noko, men er heller interessant i perspektivet til teknisk filmhistorie.

Handlinga baserer seg på reaksjonane ulike grupper som folket, politiet og dei kriminelle har til mediemerksemda ein farleg pedofil drapsmann får ved bortføringa av jente nummer åtte på få månader. Ei jakt etter mannen vert sett i gang, og folk vert skeptiske til alt og alle.

Det er parallellar til jakta på terroristar i vår tid. Med så mange mediekanalar er det vanskeleg å skapa engasjement for ei enkelt sak. Men jakta på terroristar har gjort seg utmerka og utvilsamt fått fleire ringverknader som påverkar einskildpersonen i samfunnet.

Temaet M - Eine Stadt sucht einen Mörder tek opp er langt i frå daudt, og vil stadig koma tilbake på film der det vil gjera sterke inntrykk. M - Eine Stadt sucht einen Mörder held seg godt fordi han er direkte og open omkring temaet sitt. Det er ingen problem å setja seg inn i tidsepoken eller miljøet, for M - Eine Stadt sucht einen Mörder går føre seg i ein moderne by. Den moderne byen, trass teknologiske vinningar, er ikkje så ulik frå den gongen.

Det kjem vonleg fram her at eg likte M - Eine Stadt sucht einen Mörder. Han er god på mange sett. Er det noko som gler så er det filmar med det meste på plass. Sjølve handlinga og tema er inga glad historie, men vil for alltid vere noko eg ser på avsky med og vert engasjert av. Det tekniske her er litt røft i kantane, men overgangar og klipping viser stort potensiale.

M - Eine Stadt sucht einen Mörder 1931 plakat - Filmdagbok