Ma-ma

Film · 1976 · · 20. desember 2009
4/5

Den ihelklippa versjonen av Ma-ma, dubba til engelsk, er eit gullkanta eksemplar av alt som er korrekt ved filmskaping. Einskilde vil nok påstå dette er ein god film fordi dei rett og slett ikkje veit betre etter å ha sett han tusen, eller iallfall 19 gonger på NRK rundt juletider. Men tradisjon er årsaka til at denne festlege rockemusikalen blir meir enn berre festleg. På NRK er filmen forøvrig kjent som Med Grimm og Gru.

No skal det seiast at Ma-ma var laga for å bli dubba, og at det er feil å kalle den ihelklippa versjonen mindre original enn den rumenske med russisk tale. Forskjellen mellom desse to, og då gløymer eg fullstendig ut å dra fram den franske versjonen, skal vere at den engelskspråklege har mindre tale og meir synging, mens den russiskspråklege har meir taleprega synging og eit par ekstra scener som har blitt borte i omklippinga, og ført med seg nokon små, logiske brester. Det får no så vere.

Frå fakta til filmen, som med sine brå overgangar byr på nok av både ufrivillig og skikkeleg humor. Dagen etter visning har den klassiske Mom is home gått på repeat i skallen heile dagen, så songane er det ingenting feil med. Ma-ma på i tillegg på isdans av ypparste sort. Men tilbake til klippearbeide, som ved siden av fantastisk skodespel gir filmen ein sjarm, så varm, så varm. Det er vanskeleg å tenke seg til at eit meir forseggjort redigeringsarbeid ville ha fått til det same resultatet. At versjonen som blei vist på kinoen er snitta ut til 4:3 frå 2.35:1 byr ikkje på mindre enn eit konstant tap på informasjon.

Midt oppi eit lurveleven av teknisk galskap, der det må bli engelskmannen som kan bli skulda å ha ei flaske vodka i handa under finpussen, eller la og sei pussen, skin likevel Ma-ma så tydeleg fram som ein hurrafestleg rockemusikal, eventyrkomedie eller filmkarneval. Det er ingenting å utsetje på filmen for ein som ser han første gang heller.

Ma-ma 1976 plakat - Filmdagbok