Machete Kills (2013)

Film / 18. juli 2015
2/5

Machete Kills er ein kjedeleg film som er pent innpakka som ein profesjonell lågbudsjettsfilm. Det er etter mitt inntrykk å dømme ei etterleving av prosjektet Quentin Tarantino og Robert Rodriguez gjorde i 2007 med Grindhouse, som kunne ha blitt avslutta no.

Eg har sansen for ideen, som er å lage eit enkelt fartøy for å vise brutal vald og tøff action. Og for å vise at å bevisst lage noko som skal sjå dårleg ut, men vere godt, krev handverk. Ved å spele på gamle konvensjonar, bruke skodespelarar som gjerne blir forbunde med bestemte typar roller, og gjere ei greie ut av det.

Men for at ein actionfilm utan særleg karakterbygging skal klare å levere i over ein og ein halv time, så må det meir til enn det Machete Kills har. Deler av filmen er god, men eg ønska meg ein kortare eller langt villare film, eller at karakterar eg brydde meg om var i fare på eit vis. Trusselen om å øydelegga verda er ikkje ein reell fare, men ein enkel måte å samle handlinga til filmen på.

Eg vil hugse forgjengar til Machete Kills, Machete frå 2010, som artigare. Han slo ikkje heilt an hjå meg heller, men hadde fordelen av å vere den første. Om eg skulle ha gjort ei samanlikning no mellom dei to, er eg usikker på kven som ville ha komme best ut.

Machete Kills 2013 plakat - Filmdagbok

Regi

Robert Rodriguez

Manus

Kyle Ward, Robert Rodriguez, Marcel Rodriguez

Skodespelarar

Danny Trejo, Mel Gibson, Demián Bichir, Amber Heard, Michelle Rodriguez, Sofía Vergara, Charlie Sheen, Lady Gaga, Antonio Banderas, Walton Goggins

Sjangrar

Action, Krim, Thriller

Land

Russland, USA

IMDb

IMDb-side om Machete Kills

Forfattar