Mad City

Film · 1997 · · 5. september 2007
4/5

Dustin Hoffman er tv-reportar og John Travolta gisseltakar i dette ti år gamle thrillerdramaet som set søkelys på media si behandling av offera i aktuelle og alvorlege saker. Kritikk av media er ei opplagt ingrediens, og den viktigaste her, men filmen er ikkje helt firkanta. Gisseltakaren har fleire sider ved seg, så når eg rekna med ein sympatiserande film, noko eg gjorde ei liten stund, så tok eg feil.

Mad City blir aldri nokon eksempel på korleis dette bør gjerast på film, til det er han litt for lang og i blant litt for overdriven, spesielt på den interne mediakampen. Der verkar tidlegare episodar litt for oppsett.

Men dei gode sekvensane er godt spreidd ut over filmen og han er interessant fram til siste minutt. Dustin Hoffman og John Travolta er i gjenkjennelege roller her, og eg har vanskeleg å riste bort tidlegare filmar frå tankane. Men dei er begge gode skodespelarar.

IMDb-logo
Filmfront-logo
Mad City 1997 plakat - Filmdagbok

Skodespel

John Travolta (I)Dustin HoffmanMia KirshnerVis alle

Sjangrar

Land