Mad Max 2

Film · 1981 · · 10. september 2016
4/5

Mel Gibson gjentar rolla som Max frå Mad Max i denne oppfølgjaren til den australske suksessen.

Alt er større og betre med denne filmen enn forgjengaren. Samtidig har ingen deler av det som gjorde Mad Max god blitt borte. Her er det framleis mykje action, lite snakking, framleis mystikk på grunn av lite bakgrunnshistorie, og mange fleire tøffe saker.

I ei post-apokalyptisk verd er Max ein av dei forholdsvis gode, men tøffe i ei verd der mange tøffe er vonde. Truslar mot liv har ført til at folk har trekt seg ut i ingenmannsland og i eigne grupper. Andre gjenger jagar rundt på jakt etter ressursar og drep folk i denne jakta.

Bilar og bensin står høgt, og Max hjelp her ei gruppe som har bensin og står i fare for å bli tatt av ein farleg gjeng.

Mad Max-filmane kan sjåast uavhengig av kvarandre, og Mad Max 2 er ingen dum film å sjå om du planlegg berre å sjå ein av dei gamle filmane. Det er den beste av Mad Max-filmane frå gamle dagar. Berre overgått av Mad Max: Fury Road i nyare tid. Sjølv føretrekker eg å sjå alt, i kronologisk rekkefølge, men set altså denne høgast blant dei tre som kom ut mellom 1979 og 1985.

Mad Max 2 1981 plakat - Filmdagbok