Mad Max Beyond Thunderdome

Film · 1985 · · 22. august 2013
3/5

Mad Max Beyond Thunderdome er tredje og førebels siste Mad Max-film. Han står på eigne bein med ei sjølvstendig handling.

Max (Mel Gibson) i Mad Max Beyond Thunderdome er ein mystisk person. Du får vite lite om han, bortsett frå at han er tøff, dyktig med våpen, smart og sannsynlegvis ingen fersking i å ta vare på seg sjølv i den harde, postapokalyptiske verda.

Filmen byrjar med at han blir fråstolen alt han eig. Han sporar bandittane til næraste by, Bartertown. Der blir han ei brikke i ein underliggande konflikt mellom høvdingen (Tina Turner) og mannen som styrer tilgangen til straum (Angelo Rossitto).

Konflikten fører Max til ein kamp på liv og død i arenaen som er Thunderdome. Men det er først når kampen gjer ein vri at Max får skikkeleg trøbbel.

Mad Max Beyond Thunderdome er først og fremst full av fart og spenning, blodige kampar og skitne triks. Men det er også plass til ein snev av bakhistorie, akkurat nok til å skape ein illusjon om livet i filmen som del av noko langt større.

Filmen er rimeleg rett fram og brukar minuttane godt. Det er ingen lengre opphald, ingen meiningslause historier i tillegg, men god flyt på det som er.

IMDb-logo
Mad Max Beyond Thunderdome 1985 plakat - Filmdagbok