Mad Max: Fury Road

Har du sansen for rå action utan stopp, så er Mad Max: Fury Road ein film du bør få med deg i 2015. Han var alt eg forventa og langt meir enn eg håpa på. Filmen er proppfull av gode detaljar, sydd saman til ei tilsynelatande enkel, lineær og actionprega historie.

For å starte med action. I all enkeltheit er Mad Max: Fury Road ein høgtempo actionfilm, der intensiteten er til å ta og føle på. Det er heftig, både i form av vakker filmvald og spektakulære stunt og idear. Og ei viktig sak er at det blir vist fram, ikkje hinta til i form av overdriven klipping. Filmen tar nokon effektfulle pausar innimellom, før han køyrer på igjen for fullt.

Historia er enkel, og bakhistoria er heldigvis lite referert til og då mest uklare aningar. Merksemda ligg på vegen framfor oss, og tittelen er passande i og med at handlinga er lagt til ein ugjestmild tur.

Så til det som utgjer det øvste hakket på skalaen. For hittil er dette berre ein solid actionfilm, men filmen er flust av detaljar som kompletterer universet til han. Eit eige, uryddig og i blant uklart språk plasserer filmen i ei uviss framtid, og er med på å gjere dette til ein film med trykk på det filmatiske. Realisme innanfor dei sprø rammene er vektlagt. Det som skjer blir godtatt av meg, og det finst ikkje ein plass der filmen blir øydelagt med ein altfor dryg dataanimasjon eller liknande.

Alt som skjer og blir vist glir inn i universet på ein tilsynelatande lett måte. Og det er ei god vekting som er gjort. Det meste blir fortalt gjennom handling, og ingenting blir opplyst om for direkte.

For å verkeleg få ned kor godt eg likte filmen, så burde eg ha gått gjennom heile handlinga kronologisk. Men det får halde med at eg til slutt kategoriserer Mad Max: Fury Road som ein film eg ville sjå igjen før han var ferdig.

Mad Max: Fury Road 2015 plakat - Filmdagbok

Publisert

30. juni 2015 av

Merkelapp

Mad Max

Regissør

George Miller (II)

Manusforfattarar

George Miller (II), Brendan McCarthy, Nick Lathouris

Skodespelarar

Tom Hardy, Charlize Theron, Nicholas Hoult, Hugh Keays-Byrne, Josh Helman, Nathan Jones, Zoë Kravitz, Rosie Huntington-Whiteley, Riley Keough, Abbey LeeVis alle 80 skodespelarar

Sjangrar

Action, Eventyr, Science fiction, Thriller

Land

Australia, USA, Sør-Afrika

IMDb

IMDb-side om Mad Max: Fury Road