Mad Max

Film · 1979 · · 25. juli 2014
3/5

Mel Gibson er Max i den australske dystopiske Mad Max frå 1979. Etter at ein galen gjengmedlem blir drepe i ei politijakt, søker gjengen hemn på Max sin politikollega og deretter på Max sin familie.

Mad Max består stort sett av mengder med køyring av bilar med kraftige motorar, galne menneske og innslag av grufull vald. Om tidsalderen eller samfunnet i historia elles får me ikkje vite mykje, bortsett frå eit hint her og der. Som at bensin er dyrt eller mangelvare og at bilproduksjonen sannsynlegvis er ikkje-eksisterande. Filmen består av relativt få folk, men store landeområde, og av ukjente årsaker er deler av områda forbodne.

Det er nok av det som fantasien kan ta utgangspunkt i, for Mad Max går føre seg i ei potensielt spennande verd. Men det vart likevel litt for knapt med handling til å faktisk bli spennande. Filmen er god, men ikkje super. Til forsvar for filmen er det også ein stor sjanse for at eg ikkje var konsentrert nok, og heller ikkje open nok, til å sette pris på det kule i filmen.

Mad Max 1979 plakat - Filmdagbok