Madagascar

Når eg i ettertid såg kven som hadde stemmene til dyra i filmen, så gjekk fleire ting opp for meg, for dyra er forma etter kven som har stemmene. Sacha Baron Cohen som Julien og Ben Stiller som Alex.

Ein grei komedie, fin animasjon og småmorosam film. Pingvinane er mine soleklare favorittar her, ingen tvil om det. Giraffen Melman, med David Schwimmer som stemme, er også ein fin karakter. Drikkar av saltvatn, dansing i jungelen, det er meir enn ein grunn til å sjå denne filmen. Og Chris Rock som sebraen Marty rockar.

Madagascar 2005 plakat - Filmdagbok