Made for You, with Love

Film · 2019 · · 26. mars 2020
3/5

Made for You, with Love liknar på ein romantisk komedie frå Hallmark, men kanskje hakket betre laga. Sjølv om det ikkje er Hallmark, så har filmen blitt distribuert av dei i USA. I Noreg har filmen vore tilgjengeleg på Viaplay.

Det handlar om ei kvinne som driv ei forretning som lagar skreddarsydde brudekjolar av brukte brudekjolar. Ho driv med det ho elskar, men det er so vidt økonomien går rundt. Inn i livet hennar kjem ein fotograf, som vil lage ein bildespesial om ho og butikken hennar. Han er villig til å betale 6000 dollar for dette. Noko eg ikkje kan skjønne at han vil tene pengar på. Men meg om det.

Filmen handlar om deira kjennskap. Ein del av avtale fotografen inngår er å jobbe i butikken ved sidan av å ta bilde. Det er ikkje til å unngå at dei blir god kjent i ein film som denne.

Sjølv om det er lite motstand i denne filmen, er han ein som klarar å skilje seg nok ut undervegs til å bli ein godt underhaldande film. Det er likandes karakterar med utstråling, og humor som treff, som gjer dette. I mange Hallmark-filmar manglar utstrålinga, det blir overfladisk, og vitsane er gammalt nytt. Så det er slik Made for You, with Love er hakket betre laga. Det er ikkje stor nyvinning på gang, men det er litt meir respekt for publikum til å gi dei nok godt innhald til at filmen er verdt speletida si, og oppfyller dei små forventningane eg har.

Les også ei melding på thatdarngirlmovie.reviews (engelsk).
IMDb-logo
Made for You, with Love 2019 plakat - Filmdagbok