Made in Italy

Film · 2020 · · 27. juni 2021
3/5

Made in Italy blir skildra som ein hjartevarm komedie som finn stad i Toscana i Italia. Og dette var midt i blinken å runde av veka på.

I sentrale rollar er Liam Neeson som far og Micheál Richardson som vaksen son, som ikkje har det næraste forholdet. Dei eig eit hus i Toscana i lag, som sonen no pressar på å få seld, då han treng pengane.

Men i Italia ventar eit hus som treng oppussing, og undervegs skjer det personlege ting med både far og son også. Ting som skal glede og røre.

Filmen har ein kjent struktur på oppbygginga, og legg det heile tilrette for ukomplisert sjåarinvolvering. Det er ei romantiserande side av Italia som blir presentert, og det meste er fornøyeleg. Samt at filmen evnar å gjere dei alvorlege stundene gode også.

På tampen tenkte eg å dra gjennom ei liste av tilsvarande romantiserande og engelskspråklege filmar som gjer tilsvarande godkjenslegreie med Italia som bakteppe og som kan vere verdt å sjå: Under the Tuscan Sun, Letters to Juliet, Den skaldede frisør og Only You.

Les også meldingar på iloveitalianmovies.com (engelsk) og moviesteve.com (engelsk).
IMDb-logo
Filmfront-logo
Made in Italy 2020 plakat - Filmdagbok