Mafia II (2010)

Spel / 17. november 2010
4/5

Mafia II gjer som ein oppfølgjar til et godt spel bør gjere, spele på sin forgjengars styrkar og forbetre det som kan bli betre.

Mafia-spela kan skildrast som ei blanding av The Godfather og Grand Theft Auto. Noko enkle samanliknar, men det er ikkje feil å trekke parallellar mellom historier og spelsjangrar her.

I Mafia II har me gått nokon år fram i tid samanlikna med Mafia: The City of Lost Heaven. Nærare bestemt frå 1930-talet til 1940- og 1950-talet. Nesten som det vart gjort frå The Godfather til The Godfather: Part II. Og me spelar framleis i en sandkasseverd på same måte som med Grand Theft Auto, kor du har ulike bilar og køyrer frå oppdrag til oppdrag.

Oppdragene i Mafia II heng saman i en grei historie. At du ikkje berre skal skyte, men ofte må tenke taktisk og søke lys, gjer oppdragene interessante.

Musikken var en av styrkene til det første spelet. Her følger Mafia II opp med mykje god musikk som trekk deg inn i tidsperioden spelet er sett til. Spelet kjennest heller ikkje så avgrensa som sin forgjengar, sjølv om det er ein del igjen før dette er på Grand Theft Auto-nivå. Noko som i seg sjølv ikkje trenger vere eit mål, men er for å sette spelmiljøet i perspektiv.

Mafia II 2010 plakat - Filmdagbok

Merkelapp

Mafia

Skodespelarar

Rick Pasqualone, Robert Costanzo, Ray Iannicelli, Roger Rose, Dale Inghram, Joan Copeland, Jeannie Elias, Brian Bloom, Carol Ann Susi, John Mariano

Sjangrar

Action, Drama, Krim, Thriller

Land

Tsjekkia, USA

IMDb

IMDb-side om Mafia II

Forfattar