Magic in the Moonlight

Film · 2014 · · 25. desember 2014
3/5

Woody Allen har vore skikkeleg i slaget dei siste ti åra. Magic in the Moonlight er ikkje den beste filmen, men har mange og gode kvalitetar og føyer seg fint inn i rekka av dei nyare og gode filmane hans.

På eit vis overgår Magic in the Moonlight fleire av dei romantiske komediane til Woody Allen frå dei siste åra, ettersom han tar ein respektabelt filmatisk diskusjon om rasjonalitet versus overtru. Dette er det eg likar mest med filmen, men deler av konklusjonen er det eg likar minst, og synet til Woody Allen på livet er den delen av hans filmar eg likar minst.

Colin Firth gjer ein av sine beste roller som Stanley, ein tryllekunstnar som tar på seg å avsløre ei tilsynelatande synsk dame spelt av Emma Stone. Colin Firth har gjort mange gode roller før, så dette seier litt om hans prestasjonar i filmen.

Magic in the Moonlight er ein tidlaus film. Han er først og fremst eit resultat av Woody Allen, og har ingen eller liten tilknyting til filmtrendane i samtida. Dialogen har ein viktig plass, dramaet er lett, komedien er seriøs. Filmen grip ikkje over for mange historier eller karakterar. Han prøver ikkje å vinne Oscar på eit typisk alvorleg val av tema. Han er ikkje ein antiheltkomedie, ein grå komedie eller noko av dei andre typar filmar som kjente regissørar gjerne kjem ut med for tida. Unntak finnes.

Sett forbi dette forsøket på å forklare kva denne og oftast andre Woody Allen-filmar er og blir, så er altså Magic in the Moonlight ein god film, men ikkje helt topp. Han fenger til ei viss grad, men ettersom eg ikkje er heilt med på alt som blir sagt, så held eg litt tilbake. Det eg har mest sans for er karakteren og prestasjonane til Colin Firth. Dei andre er solide, men ikkje nemneverdige.

IMDb-logo
Magic in the Moonlight 2014 plakat - Filmdagbok