Magnus (2019–2019)

Serie / 26. januar 2019
3/5

Magnus er ein norsk serie i seks deler, vist på NRK i januar 2019. Det er ein krim- og komiserie med overnaturlege element, politi, teknologi og snø.

Magnus er hovudpersonen, ein alternativ politimann som blir sett på som dum, og aldri sett på saker. Når mystiske ting byrjar å skje i bygda Frestad, går Magnus mot ordrane sine og set ut for å etterforske hendingane sjølv.

Serien klarar å bli ei heilt eiga greia. Det står mykje på det norske preget serien har, i form av lokasjonar og kultur. I tillegg er språkbruken, og spesielt Magnus talemåte, eit særpreg.

Eg har sett serien bli samanlikna med andre seriar frå dei siste åra, men tykkjer ikkje desse har vore passande samanlikningar etter å ha sett serien sjølv. Det finst både politiseriar, seriar sett til vinteren, politikomediar og etterforskningsseriar med overnaturlege skapningar, men eventuell inspirasjon Magnus har henta unngår å bli tydelege hyllestar.

Ein kort og god serie, som du forøvrig kan sjå på Magnus (NRK).

Eg har sett første sesong av Magnus.

Magnus 2019-2019 plakat - Filmdagbok

Foto: Elin Eike Worren, Viafilm, NRK

Merkelapp

NRK

Skapar

Vidar Magnussen

Skodespelarar

Tim Ahern, Lars Berge, Ola G. Furuseth, Erik Hivju, Preben Hodneland, Hallvard Holmen, Kristi-Helene Johannessen Engeberg, Siren Jørgensen, Anette Amelia Larsen, Kris Olsen

Sjangrar

Komedie, Krim

Land

Noreg

IMDb

IMDb-side om Magnus

Forfattar