Making a Living

Film / 1914
2/5

I Making a Living spelar Charles Chaplin ein arbeidsledig svindlar som brukar andre sine eigedeler for å nå fram sjølv. Blant anna ved å stele kamera til ein journalist, og levere frå seg nyheitsverdige bilder til redaksjonen som sine eigne.

Denne korte filmen frå 1914 går unna i høgt tempo, og eg måtte sjekke kva han handla om i skriftleg form etter kvart. Det er ingen tekstplakatar, og det er mange folk og mykje som skjer. Eg får aldri heilt taket på historieforteljinga, men merkar uansett at dette heng passe bra saman til å vere ein tidleg Charles Chaplin-film.

Nokre av sekvensane er artige i form å vere ekstreme. Effektane er slik at dette verkar meir ekte enn mykje av det som blir laga no. Ikkje at det betyr at alt er bra, men eg trur på at innspelinga av slike stumfilmar kan ha skada fleire folk enn ei filminnspeling i dag.

Mest ein kuriositet, mindre god. Det er det du får med Making a Living.

Making a Living 1914 plakat - Filmdagbok