Making 'The Shining'

Film · 1980 · · 25. januar 2005
3/5

The Shining er ein av dei mest kjente skrekkfilmane gjennom tidene. I denne 35 minuttar lange dokumentaren får me eit godt innblikk i korleis livet under innspelinga var. Både denne og The Shining blei spelt inn for 40 år sidan.

Dette er eit godt eksempel på korleis ein bak kulissene-film bør vere. Slik dokumentarar er av og til ganske så uinteressante viss dei gjer ting som å intervjue den assisterande lydmannen om spesifikke lydforhold. Men Making 'The Shining' er ikkje slik. Det handlar om dei sentrale deltakarane i filminga.

Det er ikkje mange innslag som ikkje har med regissøren Stanley Kubrick , hovudrolleinnehavaren Jack Nicholson eller Shelley Duvall.

Regissøren til dokumentaren er Vivian Kubrick. Ho er dottera til Stanley Kubrick, og har også spelt små rollar i filmane hans. Kanskje det at ho er regissør er grunnen til at me kjem tett på filmen og skodespelarane.

Eg likte denne dokumentaren. Han er fin å sjå viss du likte The Shining.

Making 'The Shining' 1980 plakat - Filmdagbok