Maleficent

Film · 2014 · · 4. januar 2021
4/5

Maleficent var lenge ein film eg ikkje hadde så mange tankar om å sjå. Det var først etter å ha sett Disney-klassikaren Sleeping Beauty frå 1959 at eg revurderte det. Og det er eg glad for å ha gjort, for Maleficent er ein god film med høg underhaldingsverdi.

Det Maleficent bygger på er at det skal vere historia om prinessa Tornerose og heksa Malefika sett frå ein annan ståstad. Det betyr at me får mykje ny historie om Malefika, frå hennar barndom av og heile vegen fram til og med hendingane i Sleeping Beauty. Filmen fungerer både som utfyllande til klassikaren, men har også gjentaking av nokre av dei same hendingane, og gjerne alternative variantar av dei. Som om det som har skjedd er ei historie som har levd vidare på folkemunne, og at det dermed kan vere mange moglege måtar hendingane skjedde på. Og dette er ein av dei.

Eg har sansen for måten filmskaparen har vald å portrettere Malefika på. Ho gjer vonde ting, og me får eit innblikk i motivasjonen hennar, men det er framleis vonde ting. Andre gonger gjer ho gode ting, og andre gjer vonde ting. Eg får ikkje inntrykk av at filmen forsøker å skape ein helt ut av Malefika på bakgrunn i at veit motivasjonen hennar. Ein film kan lett hamne i fella å hylle ein drapsmann, viss han drep fordi han har blitt utsatt for noko. Og eg meiner at Maleficent unngår hyllesten, som er til fordel for filmen.

Dette er elles ein eventyrleg film, i tillegg til å vere eit interessant tillegg til Sleeping Beauty. Eg vil tru at du får mest utbytte av han viss du kjenner til historia om Tornerose frå før, men det er nok ikkje nødvendig.

Den einaste kritikken eg vel å trekke fram her er Elle Fanning som Tornerose. Ho er flink og godt kjent, så eg skjønnar at ho er valt. Men eg meiner at valet av skodespelar kunne ha landa på ein meir sprudlande og uttrykksfull skodespelar, som ikkje hadde hamna så i skuggen av Angelina Jolie som det Elle Fanning gjer.

Utover det er det mest skryt frå meg.

Les ei anna melding på www.notonlyhollywood.com.
  • Maleficent 2014 plakat - Filmdagbok
  • Maleficent 2014 plakat - Filmdagbok

    Skodespel

    Angelina JolieElle FanningSharlto CopleyVis alle

    Sjangrar