Mamma Mia! Here We Go Again

Film · 2018 · · 19. februar 2020
3/5

Oppfølgjaren til Mamma Mia frå 2008 er her på plass, gode tid år etter at Meryl Streep og Amanda Seyfried styrte på om kven som var faren til karakteren til Amanda Seyfried på eit gresk øy.

Eg visste lite om detaljane til Mamma Mia! Here We Go Again før eg såg filmen, og er i grunn glad for det. Det gjorde at eg kunne vente på ting, lure på ting og bli overraska over dei små tinga.

I store trekk handlar filmen om at Amanda Seyfried har fått hotellet til mora opp og gå, og skal invitere til opningsfest. Det er venta mange kjente til øya, som me har blitt kjent med før. Felles er at alle har blitt eldre, og nokon har blitt merkbart eldre på ti år.

Parallelt med dette fortel filmen forhistoria til karakteren til Meryl Streep, som i yngre form blir spelt av Lily James. Me får vite korleis ho møtte dei tre mennene som alle kunne ha vore faren til Amanda Seyfried-karakteren, og korleis ho hamna på den greske øya.

På eigne bein står Mamma Mia! Here We Go Again godt. Gjennom tilbakeblikket blir me fortalt ei historie som både utfyller Mamma Mia frå 2008, og er fin åleine. Det er litt som å få den same historia på nytt, men frå ein ny ståstad. Med ABBA-songar som både var og ikkje var i den første filmen.

Likte du Mamma Mia som i all enkelheit er ein lystig og overfladisk film, så trur eg du vil like Mamma Mia! Here We Go Again også.

Mamma Mia! Here We Go Again 2018 plakat - Filmdagbok

Skodespel

Amanda Seyfried (I)Andy Garcia (I)Celia ImrieVis alle

Sjangrar

Land