Mamma Mia!

Sophie (Amanda Seyfried) skal gifte seg, og ho vil invitere faren sin. Så ho inviterer dei tre mennene som var elskarane til mora på ulike tidspunkt i nær tid til då ho blei fødd.

Alle skodespelarane gjer ein god jobb i Mamma Mia! Historia er den til ein romantisk komedie, og det er heilt fint.

Synginga frå skodespelarane er ikkje den beste, men har sin sjarm. Filmen er visuelt slåande og idyllisk, og synginga er med å trekke det ned igjen på jorda. Amanda Seyfried syng søtt og pent. Men eg kan ikkje sei det same om Meryl Streep, sjølv om ho legg alle korta på bordet. Men det er godt nok til å vere underhaldande.

Det er ein varierande grad av songtalent blant Stellan Skarsgård, Colin Firth og Pierce Brosnan. Colin Firth er kanskje best, og Stellan Skarsgård er overraskande god. Pierce Brosnan skil seg derimot ut med sin snakkande songstil. Av alle dei kvinnelege skodespelarane er den beste songaren Christine Baranski. Ho er ei naturtalent i musikalen.

Eg likar ABBA, men det er ikkje favorittgruppa mi. Eg likar songen The Winner Takes It All godt fordi han faktisk handlar om noko personleg. Og denne dukkar opp på eit avgjerande tidspunkt for dramatikken sin del.

Meryl Streep gestikulerer mykje, og Pierce Brosnan gjer ikkje mykje meir enn å stå der. Hadde det vore retta opp i så hadde dette kunne vore endå betre.

Mamma Mia! 2008 plakat - Filmdagbok