Man Down

Serie · 2013 · · 27. august 2021
3/5

Greg Davies er ein 203 cm høg skodespelar som har dukka opp i fleire britiske komiseriar eg har sett dei siste åra. Han stikk seg ut på grunn av storleiken, men også sitt gode anlegg for å formidle komedie.

Med Man Down har han også tatt styringa som serieskapar, i tillegg til å spele hovudrolla. Serien handlar om ein noko og 40 år gammal lærar, som ikkje har blitt heilt vaksen. Han leiger hjå foreldra sine, og har i første sesong akkurat mista kjæraste. Ho var lei av at han ikkje eingong kunne byte lyspære eller skifte klede.

Det er rom for mykje barnsleg humor i Man Down, men serien har også ei lun og god side ved seg. På botnen er den håplaust barnslege mannen eigentleg ein snill person, og dette kjem serien sovidt innom i blant. Nok til at ein vil ha meir, men ikkje for mykje til at serien endrar karakter.

I første sesong prøver mannen å vinne tilbake kjærasten sin, ved å løyse alle problema ho lista opp til han at var årsak til brotet. Det er patetisk, men også morosamt, og gjer første sesong av Man Down til ein fin serie å sjå ein episode av i ny og ne.

I dei neste sesongane toppar problema seg stadig vekk. Serien blir drygare, men ikkje nødvendigvis betre på håpet som fanst i første sesong. Det er det humoristiske som held serien gåande, på eit kurant nivå.

IMDb-logo
Man Down 2013 plakat - Filmdagbok

Skodespel

Greg Davies (IV)Roisin ConatyMike WozniakVis alle

Sjanger